Hugsar du BUBBLE BOBBLES, Mario Bros og Donkey Kong?
Då bør du bli med på Parental Advisory!

Laurdag 22. september frå kl.12-15 tek vi deg med på ei lita tidsreise frå Sega Mega og Nintendo sine gyldne tider til det nyaste innan spillkonsol!
Det er heilt gratis, og alle som ynskjer å vere med er velkomne, og inviter gjerne med heile familien!
Har du born som er interessert i gaming? Då er dette ei super anledning til å vise dei nokon av dei heftige speleferdighetane dine i Sonic og Super Mario, samstundes som dei kan gi deg ein introduksjon i nokon av dei spela som dei likar aller best.
Arrangementet finn stad i loungen til VestLAN ved Hellenes i Førde.
Loungen er sponsa av Elkjøp som bidreg med 65” skjermar og consoles.

I loungen arrangerer vi mellom anna ei turnering i FIFA, og under Parental Advisory køyrer vi også ein retrokonkurranse der du får sjansen til å briljere i Donkey Kong. I konkurransen deltek eit barn/ungdom og ein føresatt. Vinnarane får sjølvsagt premie og stikk av med Nintendos ultimate retrospeloppleving: Nintendo Classic Mini (NES).

Denne fantastiske samlinga av NES-klassikera følgjer med konsollen:
- Balloon Fight
- BUBBLE BOBBLE
- Castlevania
- Castlevania II: Simon's Quest
- Donkey Kong
- Donkey Kong Jr.
- DOUBLE DRAGON II: THE REVENGE
- Dr. Mario
- Excitebike
- FINAL FANTASY
- Galaga
- GHOSTS'N GOBLINS
- GRADIUS
- Ice Climber
- Kid Icarus
- Kirby's Adventure
- Mario Bros.
- MEGA MAN 2
- Metroid
- NINJA GAIDEN
- PAC-MAN
- Punch-Out!! Featuring Mr. Dream
- StarTropics
- SUPER C
- Super Mario Bros.
- Super Mario Bros. 2
- Super Mario Bros. 3
- Tecmo Bowl
- The Legend of Zelda
- Zelda II: The Adventure of Link